BLOGGER

"Bryter Plankton" - en danseforestilling

BRYTER PLANKTON: Forestilling in the making! 

No er det to dagar igjen til forestilling med danselinja! Vi arbeidar intenst denne veka for å få alt på plass til den store dagen.

Prosessen med å gå i frå mykje materiale til ein samansydd forestilling har vore kjekk. Vi har henta materiale frå starten av året og fram til no. Vi har tatt med koreografi som danselærarane Julie og Kristina har laga, men og eigelaga materiale som duettar og formasjonar. Vi er innom ulike dansesjangrar og stilar, blant anna capoeira-inspirert moderne, butoh, og hiphop - alt fletta saman til ein forestilling. Mykje av inspirasjonen har me fått henta frå studieturen i Tokyo! Travle gatekryss og system i kaos er nokre av stikkorda. Vi fekk og kjøpt inn parykkar i Japan i blå-grøne fargar som vi kjem til å bruke som kostyme.

Vi har valt at tittelen på forestillinga heiter Bryter plankton. Definisjonen på plankton er at dei følgjer massens bevegelser, som ein strøm. Vi vil bryte med straumen og mønsteret. 

Foto/video-linja og DigitalDesign har hjelpa oss med plakat og program! Me hadde photoshoot der alle på danselinja var med. Kostyme og scenografi-valgfaget har og vore med å laga scenografien. 

Vi set opp to forestillingar, ein klokka 18.00 og 20.00, og det er gratis inngang.

No er det berre terping igjen! Sjåast den 7. desember! 

 

- Judith Aarsland, elev på danselinjen 16/17.